Opna hovudmenyen
Sjå òg øvstepresten Aron
Aaron Copland, USA-amerikansk toneskapar
Statue av den ungarske nasjonalhelten Áron Gábor.

Aron er eit mannsnamn av jødisk opphav med uviss tyding. Det blir også skrive Aaron. Aron har namnedag i Noreg den 1. april.

Innhaldsliste

TydingEndra

Det hebraiske Ahărōn (אהרן) har ukjend tyding. Tolkingar seier det tyder 'martyrberar', 'opphøgd', 'høgt fjell' eller 'styrkefjell'. Det kan òg stamma frå gammalegyptisk aha rw, 'krigar-løve'.

BrukEndra

Namnet er kjent i Noreg frå om lag 1340.

I 2009 var det 799 menn som heitte Aron i Noreg. Bruken av namnet har vore i kraftig vekst i 2000-åra.

 
Portrett av den første lovleg praktiserande jøden i Sverige, Aaron Isaac.

NamneberararEndra

FotnotarEndra

  1. «2 Mos 4,14». Bibelen. «Då vart Herren harm på Moses og sa: «Har du ikkje Aron, bror din, levitten? Eg veit at han kan tala. No kjem han og møter deg, og når han ser deg, vert han hjarteglad.»» 

KjelderEndra