Den britiske bølgja
(Omdirigert frå Den britiske invasjonen)
Den britiske bølgja (the British Invasion) var eit fenomen i USA på midten av 1960-talet der britisk rockemusikk stod i fokus. The Beatles var det første britiske bandet som erobra Amerika. Britiske managerar, særleg Brian Epstein, smidde medan jernet var varmt og sende over mellom andre The Dave Clark Five, Gerry & The Pacemakers, Freddie And The Dreamers, The Rolling Stones, The Animals, The Zombies, Cilla Black og The Hollies. På 70- og 90-talet kom to nye bølgjer med britisk musikk, punk og britpop.