Det britiske kongehuset

(Omdirigert frå Den britiske kongefamilien)

Det britiske kongehuset (engelsk The Royal Family, 'den kongelege familien') er dei næraste slektningane til den britiske monarken. Det noverande kongehuset høyrer til huset Windsor.

Medlemmer av det britiske kongehuset i juni 2012.

Det finst ingen formell definisjon på kven som tilhøyrer kongehuset, men dei som blir tiltala Her/His Majesty (HM) eller Her/His Royal Highness (HRH) blir alltid tekne med. Dette gjeld:

  • Den britiske monarken
  • Ektefellen til monarken
  • Enkjer eller enkjemenn til tidlegare monarkar
  • Barn av monarken og tidlegare monarkar
  • Barnebarn av monarken og tidlegare monarkar (særleg i mannlege linjer)
  • Ektefellar av og enkjer til søner og sonesøner av ein monark

Før 1917 blei også oldebarn i mannleg linje rekna med.

Medlemmer av kongehuset endre

Namn Formell tittel Familietilhøve
Elizabeth II HM The Queen of the United Kingdom Dronning
Philip, hertug av Edinburgh HRH The Duke of Edinburgh Prinsgemal
Charles, fyrste av Wales HRH The Prince of Wales Son av monarken, arveprins
Camilla, hertuginne av Cornwall HRH The Duchess of Cornwall Ektefelle til prinsen av Wales
William, hertug av Cambridge HRH Prince William, Duke of Cambridge Son til prinsen av Wales
Catherine, hertuginne av Cambridge HRH Catherine, Duchess of Cambridge Ektefelle til hertugen av Cambridge
Henry av Wales HRH Prince Henry of Wales Son av prinsen av Wales
Andrew, hertug av York HRH The Duke of York Son av monarken
Beatrice av York HRH Princess Beatrice of York Dotter av hertugen av York
Eugenie av York HRH Princess Eugenie of York Dotter av hertugen av York
Edward, jarl av Wessex HRH The Earl of Wessex Son av monarken
Sophie, grevinne av Wessex HRH The Countess of Wessex Ektefelle til jarlen av Wessex
Louise Windsor Lady Louise Windsor Dotter til jarlen av Wessex
Anne, Princess Royal HRH The Princess Royal Dotter av monarken
Richard, hertug av Gloucester HRH The Duke of Gloucester Fetter av monarken
Birgitte, hertuginne av Gloucester HRH The Duchess of Gloucester Ektefelle av hertugen av Gloucester
Edward, hertug av Kent HRH The Duke of Kent Monarkens fetter
Katharine, hertuginne av Kent HRH The Duchess of Kent Ektefelle til hertugen av Kent
Michael av Kent HRH Prince Michael of Kent Fetter av monarken
Prinsesse Michael av Kent HRH Princess Michael of Kent Ektefelle av prins Michael av Kent
Alexandra, Lady Ogilvy HRH Princess Alexandra, The Honourable Lady Ogilvy Kusine av monarken

Kjelder endre