Fyrstehuset Windsor
(Omdirigert frå Huset Windsor)
Fyrstehuset Windsor (engelsk: House of Windsor) er ei grein av adelsslekta Sachsen-Coburg-Gotha. Fyrstehuset er kongehus i Storbritannia. I Storbritannia vart namnet på fyrstehuset endra frå Sachsen-Coburg-Gotha då anti-tyske stemningar under første verdskrig gjorde at kong Georg V av Storbritannia kjende seg tvinga til å endra namnet på kongehuset.
Tilsvarande endra slekta von Battenberg namn til Mountbatten i 1917.