Den burmesiske nasjonalkonvensjonen

Nasjonalkonvensjonen, (National Convention) er namnet på forsamlinga som i fleire omgangar sidan 1993 har forsøkt å lage ei ny grunnlov i Burma. Det er militærjuntaen SPDC som har tatt initiativet til det her, men samstundes har fleire internasjonale organ, mellom anna FN skulda dei for å motarbeide grunnlova. Mellom anna har dei nekta det største opposisjonspartiet i landet, National League for Democracy(NLD) (leia av nobelprisvinnar Aung San Suu Kyi) å stille opp på møta.

Historie endre

Militærjuntaen, som har hatt makta i Burma sidan 1962, annonserte i 1992 at dei ville samle ein nasjonakonvensjon som skulle lage utkastet til ei ny grunnlov for landet. Lova skulle tene som grunnlag for at juntaen kunne gå av og overlate makta til meir demokratiske organ. Konvensjonen møttest første gongen i januar 1993, men vart suspendert allereie etter to dagar, då delegatane oppdaga at dei seks første målsettingane var bestemt av juntaen på førehand. I tillegg var berre 99 av 702 (14 %) av delegatane folkevalde, medan resten av konvensjonen har handplukka av juntaen.

Arbeidet til konvensjonen vart farga av det faktum at dei demokratiske kreftene vart overkøyrde. Nokre deltakarar flykta medan dei skulda militæret for å tvinge vilja si på mindretalet. Konvensjonen vart stengd og opna igjen fleire gonger, fram til NLD boikotta han. I 1996 vart konvensjonen utsett på uviss tid. Han vart gjenopna i 2003, og den her gongen skulla han følgje dåverande statsminister Khin Nyunt sitt såkalla «vegkart til demokrati». Men sidan den politiske opposisjonen framleis er fråverande, blir konvensjonen, i lag med vegkartet, avvist som ei pasifiserande handling over heile den politiske verda. Konvensjonen held framleis på, men det er lite som tydar på at juntaen vil gje slipp på makta.

Kjelder endre