Den europeiske samfunnsundersøkinga

Den europeiske samfunnsundersøkinga (engelsk European Social Survey: ESS) er ei tverrnasjonal spørjeundersøking som har vorte utført i europeiske land sidan 2001.[1] ESS har som føremål å samla inn kvantitative data for å kartleggja politiske og sosiale haldningar og verdiar, tru og åtferdsmønster for ulike folkeslag i Europa.

Historie

endre

ESS vart utvikla av Sir Roger Jowell and Max Kaase ved European Science Foundation.[2] Ein ynskja å oppretta ein ny tidsserie av sosiale data i Europa, då eksisterande tverrnasjonale haldningsundersøkingar ikkje var gode nok til å bruka som pålitelege kjelder for kunnskap om endringar over tid i Europa og komparative analysar.

Frå 2002 har undersøkinga vorte halde kvart andre år i mange europeiske land, desse spørjeundersøkingane vert omtala som rundar (Rounds), til dømes Round 1 - 2002, Round 2 - 2004, Round 3 - 2006.[3] Round 6 - 2012 femnde 30 land.

Det er over 230 000 registrerte ESS-brukarar frå land over heile verda.

Prisar

endre

I 2005 vann ESS Descartes-prisen, som er ein årleg europeisk vitskapspris.[4]

Kjelder

endre
  1. «European Social Survey (ESS) | Sikt», sikt.no (på norsk bokmål), henta 9. september 2023 
  2. «History | European Social Survey (ESS)», www.europeansocialsurvey.org, henta 9. september 2023 
  3. «Search European Social Survey», ess-search.nsd.no, henta 9. september 2023 
  4. Descartes Prizes for Research & Science Communication – 2005 Winners announced

Litteratur

endre
  • Roger Jowell, Caroline Roberts, Rory Fitzgerald, Gillian Eva (red.): Measuring Attitudes Cross-Nationally. Lessons from the European Social Survey. Sage Publications, 2007. ISBN 978-1-4129-1981-4

Bakgrunnsstoff

endre