Den føderale vernetenesta i Russland
Den føderale vernetenesta i Russland (russisk Federalnaja Sluschba Ochrany, FSO, kyrillisk Федеральная служба охраны) lyder direkte under den russiske presidenten, og er ein paramilitær politistyrke med ansvar for å verna statsleiinga i landet, mellom desse den russiske presidenten gjennom president-tryggingstenesta i Russlandpresident-tryggingstenesta og dessutan visse føderale eigedomar. FSO vart etablert den 27. mai 1996, men har historie attende til det sovjetiske niande direktoratet til KGB.
FSO har mellom 20 000 og 30 000 uniformerte tenestemenn, og i tillegg fleire tusen sivilkledde tenestemenn. Ei eiga avdeling, Kreml-regimentet i Kreml, ivaretar tryggleiken i Kreml og sørgjer for seremoniell støtte ved høgtidelege hendingar. FSO har vide fullmakter til å utføra overvåkning, ransaking og pågriping, og kan òg instruera andre føderale styresmakter.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Federalnaja Sluschba Ochrany» frå Wikipedia på bokmål, den 5. februar 2018.