Presidentar i Russland

Presidentar i Russland er ei liste over presidentar (russisk Президент России) og statsleiarar med liknande posisjonar i Russland sidan 1917. Presidenten har stor personleg makt i Russland, og har direkte utøvande makt gjennom Presidentadministrasjonen i Russland.

Etter den russiske revolusjonen i 1917 vart Sovjetunionens kommunistiske parti tildelt ein «leiande rolle» som styrande organ i Sovjetunionen. Politbyrået var den øvste leiinga til kommunistpartiet, og hadde den utøvande makta. Generalsekretæren til kommunistpartiet vart difor i Europa og USA omtalt som «Sovjetunionens leiar». Kommunistpartiet si «leiande rolle» som styrande organ vart oppheva av Mikhail Gorbatsjov den 13. mars 1990.

Formannen av det øvste sovjetet i Sovjetunionen vart utnemnd av Politbyrået, med varierande titlar. Tittelen «Sovjetunionens president» vart teken i bruk av Mikhail Gorbatsjov den 15. mars 1990. Av denne grunnen tilsvara formannen av det øvste sovjetet av den Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken (Russiske SFSR) embetet president. Den siste formannen av det øvste sovjetet, Boris Jeltsin, vart òg den første presidenten av Den russiske føderasjonen etter oppløysinga av Sovjetunionen.

Formenn av Kommunistpartiet i Den russiske SFSR (1956-1991)Endra

Kommunistpartiet i Den russiske SFSR hadde ei «leiande rolle» som styrande organ, og formannen av partiet var difor leiar av den Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken.

Formenn av Den russiske SFSR (1917-1991)Endra

 
Flagget til den Russiske SFSR

I perioden 25. oktober-9. november 1917 brukte kommunistane vekselvis to ulike namn på det som etterkvart vart heitande «det øvste sovjetet»:

  • «Den militære revolusjonskomiteen av Petrograd-konsilet for arbeidarane  og representantar for soldatane» (russisk Военно-революционный комитет Петроградского Совета рабочих и солдатских депутатов og Всероссийский съезд Советов рабочих, Voenno-revolyutsionnyj komitet Petrogradskogo Soveta rabochikh i soldatskikh deputatov og Vserossijskij s'ezd Sovetov rabochikh)
  • «Den all-russiske kongressen for arbeidarar, soldatar og representantar for bøndene» (russisk Всероссийский съезд Советов рабочих, солдатских и крестьянских депутатов, Vserossijskij s'ezd Sovetov rabochikh, soldatskikh i krest'yanskikh deputatov)
# Namn Innsett Avgjekk Parti
Formenn av den all-russiske, utøvende sentralkomiteen
(russisk Председатель Всероссийского Центрального Исполнительного Комитета,
Predsedatel' Vserossijskogo TSentral'nogo Ispolnitel'nogo Komiteta)
1   Lev Borisovitsj Kamenev
(1883–1936)
9. november 1917 21. november 1917
2   Jakov Mikhajlovitsj Sverdlov
(1885–1919)
21. november 1917 16. mars 1919
Mikhail Fjodorovitsj Vladimirskij
(fungerende) (1874–1951)
16. mars 1919 30. mars 1919
3 Mikhail Ivanovitsj Kalinin
(1875–1946)
30. mars 1919 15. juli 1938
Formann av det øverste sovjetet
(russisk Председатель Верховного Совета РСФСР,
Predsedatel' Verkhovnogo Soveta RSFSR)
4 Andrej Aleksandrovitsj Zjdanov
(1896–1948)
15. juli 1938 19. juli 1938
Formenn av det øverste sovjets presidium
(russisk Председатель Президиума Верховного Совета РСФСР,
Predsedatel' Prezidiuma Verkhovnogo Soveta RSFSR)
5 Aleksej Jegorovitsj Badajev
(1883–1951)
19. juli 1938 9. april 1943
Ivan Aleksejevitsj Vlasov
(fungerende)
(1903–1969)
9. april 1943 4. mars 1944
6   Nikolaj Mikhailovitsj Sjvernik
(1888–1970)
4. mars 1944 25. juni 1946
7 Ivan Aleksejevitsj Vlasov
(1903–1969)
25. juni 1946 7. juli 1950
8 Mikhail Petrovitsj Tarasov
(1889–1970)
7. juli 1950 16. april 1959
9 Nikolaj Grigorijevitsj Ignatov
(1901–1966)
16. april 1959 26. november 1959
10 Nikolaj Nikolajevitsj Organov
(1901–1982)
26. november 1959 20. desember 1962
Nikolaj Grigorijevitsj Ignatov
(2. gang)
(1901–1966)
20. desember 1962 14. november 1966
11 Mikhail Aleksejevitsj Jasnov
(1906–1991)
23. desember 1966 26. mars 1985
12 Vladimir Pavlovitsj Orlov
(1921–1999)
26. mars 1985 3. oktober 1988
13 Vitalij Ivanovitsj Vorotnikov
(1926–2012)
3. oktober 1988 29. mai 1990
Formann av det øverste sovjetet
(russisk Председатель Верховного Совета РСФСР,
Predsedatel' Verkhovnogo Soveta RSFSR)
14   Boris Nikolajevitsj Jeltsin
(1931–2007)
29. mai 1990 10. juli 1991 ingen

Presidentar av Den russiske føderasjonen (1991–)Endra

 
Presidenten sin embetskjede.
 
Flagget til presidenten

Russisk: Президент Российской Федерации (Prezident Rossijskoj Federatsii)

President Presidentperiode Tilknyting
Starta Slutta
1.   Boris Nikolajevitsj Jeltsin (1931–2007) 1 25. desember 1991 [a] 9. august 1996 Støtta av Russlands demokratiske parti
2 9. august 1996 31. desember 1999 Ingen
2   Vladimir Vladimirovitsj Putin (1952–) (utøvande) 31. desember 1999 7. mai 2000 ingen
3 7. mai 2000 7. mai 2004 ingen
4 7. mai 2004 7. mai 2008 Støtta av Sameint Russland
3   Dmitrij Anatoljevitsj Medvedev (1965–) 5 7. mai 2008 7. mai 2012 Støtta av Sameint Russland
(2)   Vladimir Vladimirovitsj Putin (1952–) 6 7. mai 2012 Sameint Russland

MerknadarEndra

  1. I perioden 10. juli 1991–25. desember 1991 tente Jeltsin som president for Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken i Sovjetunionen.

KjelderEndra