Den fransk-prøyssiske krigen
Den fransk-prøyssiske krigen var ein krig frå 1870 til 1871 mellom Frankrike og Det nordtyske forbundet leidd av Preussen, der dei sørtyske statane Baden, Bayern, Hessen og Württemberg deltok. Krigen enda med ein overveldande siger for Tyskland og store tap av land, verdiar og prestisje i Frankrike. Krigen hadde også store politiske og internasjonale følgjer.
Krigen medførte at styret til keisar Napoleon III av Frankrike blei erstatta av den tredje franske republikken, medan Tyskland blei samla under prøyssisk leiing. Pariskommunen, oppretta for å kjempa mot dei tyske invasjonsstyrkane, førte til ein slags revolusjonær borgarkrig mellom parisarar og den franske hæren.
Følgjer
endreSom eit nytt og mektig rike ønskte Tyskland å skapa seg nye marknader for den veksande industrien, slik andre europeiske land hadde. Afrika var det einaste større området som ikkje var kolonisert av europeiske stormakter, og landet gjekk derfor inn i koloniseringa av Afrika.
Av ulike grunnar var krigen òg startskotet for nye franske kolonieventyr. Det å skaffe seg koloniar vart sett på som ein måte å igjen bli rekna som ei stormakt på, og var einaste måten å vinne att det landet hadde tapt i Europa. Storbritannia og Portugal kunne ikkje sitte å sjå på at Tyskland og Frankrike tok kontroll med Afrika, og kasta seg dermed inn i «kappløpet om Afrika».
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |