Den japanske antarktisekspedisjonen 1910–12

Den japanske antarktisekspedisjonen 1910–12 var den første oppdagingsreisa til det antarktiske kontinent gjennomført av ein japansk ekspedisjon. Eit mannskap på 27 leia av løytnant Nobu Shirase forlét Tokyo i desember 1910 med fartøyet «Kainan Maru». Dei nådde isen 26. februar 1911 og segla vidare inn i Rosshavet. Det var seint i den antarktiske sommarsesongen, og ekspedisjonsskipet kom ikkje lenger inn enn til Coulman Island. Dei returnerte derfor til Sydney for å overvintre.

Nobu Shirase, leiaren av den japanske antarktisekspedisjonen 1910–1912
Ekspedisjonsskipet «Kainan Maru»

I løpet av den neste sesongen vart det gjort eit nytt forsøk på å gå i land, og hovudmålet var å utforske King Edward VII Land. Ved Rossbarrieren møtte dei skipet til Roald Amundsen, «Fram», som låg og venta i Hvalbukta på sørpolekspedisjonen til Amundsen.[1] Ein patrulje på fem mann frå «Kainan Maru», inkludert to hundeførarar, vart sett i land på isbarrieren og kom seg 250 kilometer sørover til 80°05' S før uvêr hindra vidare marsj. Den 28. januar planta Shirase det japanske flagget og erklærte området som låg innanfor synsvidde for japansk. Han namngav det Yamato Yukihara (Yamato snøvidde).[2] I mellomtida hadde ei anna gruppe blitt sett i land på kysten av King Edward VII Land for å undersøke dei lågareliggande delane av Alexandra Range.

«Kainan Maru» returnerte til Japan og nådde fram til Yokohama 20. juni 1912.[3]

I 1931 og 1939 avslo den japanske regjeringa forslaga frå Shirase om å godkjenne Yamato Yukihara som ei gåve til den japanske staten.[2]

Kjelder endre

  1. Amundsen, Roald (1976). The South Pole, Vol II. London: C Hurst & Co. s. 271–72. ISBN 0-903983-47-8. 
  2. 2,0 2,1 Robert K. Headland (2009). A Chronology of Antarctic exploration. London: Quaritch. ISBN 978-0-9550852-8-4. 
  3. «Nobu Shirase, 1861–1946». www.south-pole.com. Henta 21. desember 2009. 

Bakgrunnsstoff endre