Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg får møte profesjonell kunst og kultur av alle slag.[1] Den kulturelle skulesekken er eit samarbeidsprosjekt mellom kultur- og opplæringssektoren på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå, og omfattar alle skular i Noreg. Fylkeskommunen har ansvar for koordineringa regionalt, men kommunane har også høve til å utvikle sitt eige program. Det er stor variasjon i korleis skulesekken vert organisert på regionalt og lokalt nivå.

Tom Rudi Torjussen reiste i 2014-'15 med «Flyt» i Aust-Agder.
Foto: Ola Sundström (AAbk, 2014)
Eit ensemble frå Agder teater reiste i 2013-'14 med dokketeaterforestillinga «Prinsessen på erten» i Aust-Agder.
Foto: Heidi Arild, AAbk, 2013

Målsetjing

endre

Måla for Den kulturelle skulesekken skal vere:

  • å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod
  • å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag
  • å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.

Gullsekken

endre

Gullsekken var den årlige prisutdelinga som er knytt til Den kulturelle skulesekken. Éin skule og éin produksjon vinn kvar sin pris, og vert kåra av ein fagjury.[2]

Kjelder

endre
  1. Kulturrådet - Den kulturelle skulesekken Arkivert 2014-02-02 ved Wayback Machine. 22.01.14
  2. Nettsida til Gullsekken Arkivert 2014-02-01 ved Wayback Machine. 22.01.14

Bakgrunnsstoff

endre