Den lutherske kyrkja i Storbritannia

Den lutherske kyrkja i Storbritannia er ei samling lutherske kyrkjelydar, hovudsakleg i England, dei fleste med røter på det europeiske kontinentet. Kyrkjesamfunnet vart etablert 1961. Medlemstallet er i 2019 ca. 1500.[1] Kyrkjesamfunnet held gudstenester på engelsk, mandarinspråk, skandinaviske språk, polsk og swahili.

Tor Berger Jørgensen vart i 2019 innsett som biskop for kyrkjesamfunnet.[2]

KjelderEndra

  1. LWF Statistics - United-Kingdom The Lutheran World Federation
  2. Vårt Land 7.10.2019

Bakgrunnsstoff:Endra