Den munnlege Toráen

Den munnlege Toráen er eit rabanittisk-jødisk omgrep på dei opphavleg munnlege religiøse tradisjonane som fanst i samband med Tanákh (Den hebraiske bibelen). Kring 100-talet av den vestlege tidsrekninga vart den munnlege Toráen i si daverande form kodifisert og nedskriven hovudsakleg i Misjná, og i mindre grad òg i Mekhiltá, Toseftá og ymse andre bokverk. Nokre generasjonar seinare vart så to kommentarverk til Misjná redigerte — først Talmúd Jerusjalmí og deretter Talmúd Bablí. I vidaste forstand reknar ein alle seinare rabbanittisk-jødiske kommentarverk og utlegningar bygde på denne tradisjonen med til Den munnlege Toráen.

Tradisjonar som ikkje godtek Den munnlege Toráen som autoritativ inkluderer først og fremst karaittisk jødedom.