Den norske automobilfabrikk

Den norske automobilfabrikk, R. Hesselberg-Meyer AS vart stifta i 1936, i lokala til den tidlegare Norsk automobilfabrikkKambo utanfor Moss [1]. Føretaket produserte opphavleg ikkje eigne bilar, men importerte Plymouth frå USA, som dei monterte på Kambo. Monteringa tok til i 1937. I 1938 tok dei til med lisensproduksjon av Adler.

Under 2. verdskrig tok den tyske okkupasjonsmakta over lokala og nytta dei til å reparere Junker-fly. Etter krigen var det ikkje lenger ynskjeleg å produsere tyske bilar og produksjonen vart avgrensa til lastebilproduksjon i liten skala. I etterkrigstida vart det òg monterte ymse bilmerke i lokala, men føretaket gjekk etter kvart over til å importere ferdige bilar.

Referansar

endre
  1. Kvamme, P., Trollmenn & askeladdar. Norges kuriøse bilproduksjon, Det Norske Samlaget, 1999.