Norsk automobilfabrikk

Norsk automobilfabrikk i Kambo i Moss kommune er ein tidlegare bilfabrikk som er sett på som eit kulturminne og føreslått verna av Riksantikvaren.

Under 1. verdskrigen byrja godseigar Wankel på Kambo, saman med ingeniør Sigurd Hiort og høgsterettsadvokat Harald Hauge, å planlegga bilproduksjon. Hausten 1916 vart det inngått avtale med Scania Vabis om lisensproduksjon [1]. Teglbygningen vart oppført i 1917 med ukjend arkitekt. Nokre av arbeidarbustadane var teikna av arkitektane Morgenstierne & Eide. Etter krigen fekk Norsk Automobilfabrikk økonomiske problem og det vart ikkje produsert så mange bilar, dei fleste lastebilar. Men føretaket produserte karosseri i nokre år, før det gjekk konkurs[1].

Tidleg på 30-talet vart lokala i nokre år leigd ut til Hesselberg-Meyer, som nytta dei for å montera Dodge som vart importerte umonterte.

I 1930 tok Den norske automobilfabrikk, R. Hesselberg-Mayer AS over lokala. Ein laga bilar og karosseri her i 75 år berre med eitt avbrot under den andre verdskrigen, då den tyske okkupasjonsmakta brukte staden til å reparera flymotorar.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Kvamme, P., Trollmenn & askeladdar. Norges kuriose bilproduksjon, Det Norske Samlaget, 1999.

Bakgrunnsstoff endre