Den raude nelliken

Den raude nelliken er eit internasjonalt symbol for sosialdemokratiske og sosialistiske organisasjonar. Opphavleg var det Den raude rosa som var blomesymbolet til heile arbeidarrørsla, og i våre dagar blir ho bruka av sosialdemokratiet, såleis er rosa partisymbolet til m.a. Det norske Arbeidarpartiet. Men mange stader vart rosa i si tid bytt ut med nelliken, m.a. fordi kvite nellikar alt vart bruka som knapphòlsblome, og truleg fordi nellikar var rimelegare og lettare å få tak i enn roser. I dag er den raude nelliken òg eit symbol på fredeleg omskiping av samfunnet, m.a. på grunn av «nellikrevolusjonen» i Portugal i 1974, då det fascistiske diktaturet vart styrta. Det svenske systerpartiet til SV, Vänsterpartiet, har ein raud nellik i logoen sin.

Kjelde endre