Den russisk-finske Tartu-traktaten
Den russisk-finske Tartu-traktaten, Freden i Tartu eller Freden i Dorpat, er namnet på fredsavtalen som blei inngått mellom Sovjet-Russland og Finland i 1920. Her blei uavhengigheita til desse landa anerkjent. Avtalen blei underteikna 14. oktober 1920. Ein tilsvarande avtale for Sovjet-Russland og Estland, Den russisk-estiske Tartu-traktaten blei underteikna 2. februar 1920.
Fredsavtale mellom Sovjet-Russland og Finland
endreAvtalen mellom Finland og Sovjet-Russland fastsette grensa mellom dei to landa. Finland sikra seg ved avtalen tilgang til havet i nord ved ein korridor til Petsamo. Russland sikra seg på sin side kommunane Repola og Porajärvi, som aust-karelske nasjonalistar med støtte frå finske jegerkorps hadde prøvd å få tilslutta Finland.
Den finske delegasjonen blei leia av Juho Kusti Paasikivi.