Stortingets utvida utanrikskomité

Stortingets utvida utanrikskomité var er ein tidlegare fagkomitéStortinget. Han blei oppretta 22. oktober 1993, og avløyste då Stortingets utvida utanriks- og konstitusjonskomité. Komiteen blei lagt ned 30. september 2009, og blei då erstatta av Den utvida utanriks- og forsvarskomiteen.

Medlemmer i den utvida utanrikskomiteen endre

Basis for den utvida utanrikskomiteen var Stortingets utanrikskomité, som hadde 14 medlemmar. Desse var også medlemmar av Stortingets utvida utanrikskomité. I den utvida komiteen sat i tillegg Stortingspresidenten og visepresidenten (viss dei ikkje allereie var medlemmer av komiteen), vidare leiaren i forsvarskomiteen og inntil 11 medlemmar valde av Stortinget etter forslag frå valkomiteen.

Arbeidsområdet for den utvida utanrikskomiteen endre

Viktige utanrikspolitiske, tryggingspolitiske og handelspolitiske saker blei drøfta med regjeringa i Stortingets utvida utanrikskomité. Medan utanrikskomiteen kunne beskrivast som ein saksførebuande komité, kunne den utvida utanrikskomiten beskrivast som ein konsulterande komité. Her møtte gjerne utanriksministeren, men også forsvars- eller justisministeren for å gjere greie for aktuelle saker. Ved denne konsultasjonsrolla mellom regjering og storting skilde den utvida utanrikskomiten seg frå arbeidsmåten i dei andre stortingskomiteane. Den var ein politisk tung komité med mange medlemmer, og møta hadde ein formell hierarkisk struktur.[1]

Forhandlingane i den utvida komiteen var hemmelege, viss ikkje anna blei bestemt. Det same gjaldt for fellesmøte denne komiteen hadde med andre komitear. Leiaren kunne bestemme at også innkallinga til møtet skulle vere hemmeleg. [1] Regelen er at møtereferata ikkje skal offentleggerast før etter 30 år. Hemmeleghaldet har fleire gongar blitt kritisert som unødvendig og udemokratisk.[2]

Den utvida utanrikskomiteen er vidareført i den noverande Stortingets utvida utanriks- og forsvarskomité, som har ei tilsvarande rolle og arbeidsmåte.

Fotnotar endre

  1. Anders C. Sjaastad: "Stortinget som utenrikspolitisk organ" i Fonn, Birgitte Kjos, Iver B. Neumann og Ole Jacob Sending: Norsk Utenrikspolitisk Praksis. Aktører og prosesser. Cappelen: Oslo, 2006
  2. Anders C. Sjaastad: "Stortinget som utenrikspolitisk organ" i Fonn, Birgitte Kjos, Iver B. Neumann og Ole Jacob Sending: Norsk Utenrikspolitisk Praksis. Aktører og prosesser. Cappelen: Oslo, 2006

Bakgrunnsstoff endre