Stortingets utvida utanriks- og forsvarskomité
Stortingets utvida utanriks- og forsvarskomité er ein fast komité på Stortinget. Den har til oppgåve å drøfte med regjeringa viktige utanrikspolitiske, handelspolitiske og tryggingspolitiske spørsmål. Forhandlingane blir til vanleg haldne hemmelege. Andre utanrikspolitiske saker høyrer inn under den alminnelege utenriks- og forsvarskomiteen.
Medlemmar i den utvida utanrikskomiteen er alle dei faste medlemmane av utanriks- og forsvarskomiteen, i tillegg til stortingspresidenten og leiarane for stortingsgruppene.
Den utvida utanriks- og forsvarskomiteen vart skipa 20. oktober 2009, og erstatta den tidlegare Stortingets utvida utanrikskomité, som vart lagt ned 30. september 2009.
Bakgrunnsstoff
endreStortinget.no om den utvida utanriks- og forsvarskomiteen Arkivert 2011-08-07 ved Wayback Machine.