Denise Karbon (fødd 16. august 1980) er ein italiensk tidlegare alpin skirennar frå Brixen i provinsen Bolzano som vann ein sølv- og ein bronsemedalje i storslalåm under dei alpine verdsmeisterskapane i 2003 og 2007. I 2008 vann ho FIS-pokalen som prova at ho den sesongen var beste kvinna i storslalåm i verdscupen i alpine greiner.

Denise Karbon


Statsborgarskap Italia
Fødd 16. august 1980 (43 år)
Brixen
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2002

Aktiv endre

Karbon debuterte i verdscupen i alpine greiner i 1998, året før ho var junior-verdsmeister i storslalåm.

Nokre veker etter ho for fyrste gong hadde stått på pallen etter eit verdscuprenn, vann ho sølvmedaljen i storslalåmrennet under VM i alpine greiner 2003 i St. Moritz, einast Anja Pärson frå Sverige kunne ho ikkje hamle opp med. Fire år seinare tok Karbon ein ny VM-medalje i storslalåm, då vart det bronse i alpin-VM 2007 i Åre. I dei neste to verdsmeisterskapane, 2009 og 2011 hamna ho på fjerdeplassen i yndlingsgreina, i 2009 også i slalåm-tevlinga.

Karbon sigra i seks renn i verdscupen, alle i storslalåm. Etter den fyrste sigeren i desember 2003 i Alta Badia, gjekk det nærare fire år ho kunne klive til topps på sigerspallen. Vinteren 2007/08 vann ho heile fem av dei av sju storslalåmrenna, og med 592 poeng var ho overlegen i kampen om å verte den beste i storslalåm i Verdscupen i alpine greiner 2008.

Ho la opp etter OL-sesongen 2014.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar