Det internasjonale skiforbundet,

(Omdirigert frå FIS)

Det internasjonale skiforbundet, på fransk Fédération internationale de ski, forkorta FIS er verdsorganisasjonen for i fremste rekke alpin skisport og nordisk skisport. Organisasjonen vart skipa 2. februar 1924 i Chamonix, 14 nasjonale skiforbund var med på skipinga.

Det internasjonale skiforbundet,
Эмблема ФИС.png
Skipa1924
HovudkontorOberhofen am Thunersee
LeiarJohan Eliasch

FIS vart skipa under den internasjonale skisportsveka i Chamonix vinteren 1924, seinare anerkjent som dei 1. olympiske vinterleikane. Skipinga av FIS var ei vidareføring av den internasjonale skikommisjonen (CIS) som hadde kome saman i Kristania vinteren 1910 og som i 1911 vedtok regelverk for dei ulike tevlingane innan nordiske greiner. Alpine greiner kom med i Det internasjonale skiforbundet i 1930. Sidan 1965 har ein teke med fleire særgreiner, fyrst speedski, seinare freestyle-ski (1977), grasski, rulleski og snøbrett (begge 1994).

Det internasjonale skiforbundet har i 2011 i alt 111 medlemsland. Hovudkontoret ligg i Oberhofen am Thunersee i kantonen Bern i Sveits. Organisasjonen har tre offisielle språk; engelsk, fransk og tysk.

PresidentarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra