Dent du Géant er eit fjell i Mont Blanc-massivet i Frankrike og Italia med ei høgd på 4 013 meter over havet.

Dent du Géant
fjell
Den spisse tinden til Dent du Géant (venstre) på den vestlege sida av Rochefort-ryggen (i midten)
Land  Frankrike,  Italia
Fjellkjede Dei graiiske Alpane
Høgd 4 013 moh.
Lettast tilkomst Sørvestsida (AD)
Førstestiging 20. august 1882 av William Woodman Graham med guidane Auguste Cupelin og Alphonse Payot
Koordinatar 45°51′43″N 6°57′6″E / 45.86194°N 6.95167°E / 45.86194; 6.95167
Kart
Dent du Géant
45°51′43″N 6°57′06″E / 45.861944444444°N 6.9516666666667°E / 45.861944444444; 6.9516666666667
Wikimedia Commons: Dent du Géant

Fjellet har to toppar, som ligg på kvar side av eit om lag 25 meter langt skår:

  • Pointe Graham (4 013 m), først klatra av W. W. Graham med guidane Auguste Cupelin og Alphonse Payot 20. august 1882.
  • Pointe Sella (4 009 m), først klatra av Jean Joseph Maquignaz med sonen Baptiste Maquignaz og nevøen Daniel Maquignaz 28. juli 1882. Det same laget klatra Pointe Sella ein gong til neste dag i lag med Alessandro Sella, Alfonso Sella, Corradino Sella og Gaudenzio Sella. Graham merka på si første klatring at ein av Maquignaz-familien hadde gravert ein M i berget like nedanfor toppen av Pointe Sella.

Ingen nådde toppen av Dent du Géant under den så kalla Gullalderen for fjellklatring, og fjellet var ein ettertrakta topp i 1870-åra. Mange som prøvde å nå toppen frå Rochefort-ryggen måtte snu. I 1880 prøvde Albert Mummery og Alexander Burgener å tvinge seg opp på sørvestsida, men måtte gje opp på grunn av eit område med skifer-liknande berg.

Bakgrunnsstoff endre

Dent du Géant på SummitPost

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dent du Géant