Albert Mummery
Albert Frederick Mummery (10. september 1855–24. august 1895) var ein britisk fjellklatrar kjend for sine spektakulære klatreturar i Alpane og i Himalaya.
Albert Mummery | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 10. september 1855 Dover |
Død |
24. august 1895 (39 år) |
Yrke | fjellklatrer, skribent, samfunnsøkonom |
Språk | engelsk |
Ektefelle | Mary Petherick Mummery |
Albert Mummery på Commons |
Mummery var son til ein rik garverieigar i Dover. Allereie i unge år byrja han å klatre ruter som gjaldt som umoglege. 19 år gammal soloklatra han Whymper-ruta på Matterhorn. På seinsommaren 1879 var han tilbake i Zermatt og klatra, saman med tre fjellførarar, til topps på Matterhorn over den såkalla Zmuttgrat. Få dagar seinare var han med på fyrstebestiginga av Dürrenhorn. 5. august 1881 kleiv Mummery og fjellførarane Alexander Burgener og Benedict Venetz til topps på Aiguille du Grépon.
Utover 1880-åra endra Mummery den britiske alpeklatringa, saman med kameratane William Cecil Slingsby og John Norman Collie, ved å utelate lokale fjellførarar. Mummery utvikla også det såkalla Mummery-teltet. I 1888 kleiv han og John Cockin, som dei fyrste menneska, til topps på storfjellet Dykh-Tau i Kaukasus.
Sommaren 1895 var Mummery på tur til Himalaya saman med landsmennene Collie og Geoffrey Hastings. Målet med reisa var å nå toppen av Nanga Parbat, ein av dei fjorten 8 000 moh høge fjelltoppane i fjellkjeda. Under rekognosering i fjellsida Rakhiot vart Mummery og to gurkhaer tekne av eit snøras. Lika vart aldri funne.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Albert Mummery» frå Wikipedia på tysk, den 28. mars 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Albert F. Mummery» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2015.