Denudasjon er ein prosess der lausmateriale vert fjerna ved vatn, vind eller is, slik at bergflata under vert utsett for forvitring.

Denudasjon vert òg nytta som samleomgrep for alle geomorfologiske prosessar som bidreg til å slite ned landskapet. Hadde ein ikkje hatt heving av jordskorpa, ville denduasjonen etter lang nok tid ha jamna ut jordoverflata til ei jamn flate. Når ein einskild prosess dominerer, slik som kjemiske oppløysingsprossar, nyttar ein nemninga kjemisk denudasjon.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Lauritzen, Stein Erik. (2009, 14. februar). Denudasjon. I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013 frå http://snl.no/denudasjon.