Marne

franske departement
(Omdirigert frå Departementet Marne)
For elva med same namn, sjå elva Marne
Marne
Våpenskjoldet til Marne
Plassering
Plasseringa til Marne i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 51
Region: Champagne-Ardenne
Préfecture: Châlons-en-Champagne
Sous-préfectures: Épernay
Reims
Sainte-Menehould
Vitry-le-François
Arrondissement: 5
Kantonar: 44
Kommunar: 619
Président du conseil général: René-Paul Savary
Statistikk
Folketal Rangering 38.
 -1999 565 229
Folketettleik: 69/km²
Landareal¹: 8 162 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Marne er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Champagne-Ardenne, og er kalla opp etter elva med same namn.

Vingardane som produserer champagne, den verdskjende musserande vinen, ligg i Marne.

Historie

endre

Marne er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna av den tidlegare provinsen Champagne.

Marne har lenge vore knytt til den franske hæren. Treningsleiren Camp Militaire de Mailly ligg ved grensa til departementet Aube, medan Camp de Mourmelon dekkjer eit stort området nord for Châlons-en-Champagne. Den mindre Camp de Moronvilliers ligg aust for Reims og Camp Militaire de Suippes ligg aust for den igjen. Alle desse ligg på Champagne-platået.

Geografi

endre

Departementet er i dag ein del av regionen Champagne-Ardenne og grensar til departementa Ardennes, Meuse, Haute-Marne, Aube, Seine-et-Marne og Aisne.

Av elvar som renn gjennom departementet finn ein Marne, Vesle, Ardre og Somme-Soude. Elva Aube munnar ut i Seinen i Marne.

Demografi

endre

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Marnais.

Turisme

endre

Reims er med sin vidkjende katedral, der kongane i Frankrike vart krona, ein stor attraksjon. Andre turistattraksjonar er fulgereservatet ved Lac du Der Chantecoq og fiskevatna i nærleiken. Parc Régional de la Montagne de Reims er eit stort friluftområde i departementet.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Marne