Deposisjon
Deposisjon er ein prosess der vassdamp går direkte frå gassform til fast stoff i omgjevnader som er under frysepunktet. Den motsette prosessen heiter sublimasjon.
Snø kan bli til ved deposisjon i skyene, medan rim blir til på same måten nær bakken.