Gass
Aggregattilstandar |
Gass er ein aggregattilstand eller fase der eit stoff verken har fast form eller volum. Molekyla i ein gass har mykje energi; dei er ikkje bundne til kvarandre, og svever fritt og tilfeldig omkring. Ein gass vil utvida seg til han fyller heile rommet som er tilgjengeleg for han.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7a/Nursery_of_New_Stars_-_GPN-2000-000972.jpg/220px-Nursery_of_New_Stars_-_GPN-2000-000972.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0a/Ne%2C10.jpg/220px-Ne%2C10.jpg)
Den idelle gasslova (pV=nRT) er ein enkel matematisk modell for ein gass. p er trykket, V volumet, n stoffmengda, R gasskonstanten og T er absolutt temperatur.
Mange gassar er usynlege for oss, men nokre av dei har farge, og mange har lukt. Luft er ei blanding av mange stoff i gassform som me pustar inn for å tilføra kroppen oksygen.