Der Standard
Der Standard er ei austerriksk landsdekkjande dagsavis som kjem ut i Wien.
Der Standard | |||
Type | Dagsavis | ||
---|---|---|---|
Grunnlagd | 19. oktober 1988 | ||
Grunnlegger(ar) | Oscar Bronner | ||
Redaktør(ar) | Oscar Bronner | ||
Medredaktør(er) | Alexandra Föderl-Schmid | ||
Språk | Tysk | ||
Ideologi | Sosialliberalisme | ||
Politisk posisjon | Liberal, uavhengig | ||
Hovudkvarter | Wien | ||
Nettstad | derstandard.at |
Der Standard vert trykka på karakteristisk rosa papir. Ho blei grunnlagd av Oscar Bronner som ei forretningsavis. Avisa vart fyrst selt på gata den 19. oktober 1988. Bronner er framleis utgjevar og sjefredaktør for avisa, ilag med Alexandra Föderl-Schmid, som er den fyrste kvinnelege sjefsredaktøren. Politisk skildrar avisa seg som liberal og uavhengig. Der Standard er ei landsdekkkande avis, men har hovudfokus på Wien.
Ifølgje den austerrikske medieundersøkninga frå 2004 hadde Der Standard 366 000 lesarar i Austerrike.
Internettutgåven av avisa vart starta opp februar 1995.