Wien
Geografisk plassering

Forbundsland i Austerrike

Hovudstad Wien
Flatevidd

 - Rangering i Austerrike

415 km²

9.

Folketal (2005)

 - Rangering i Austerrike
 - Folketettleik

1 651 437

1.
3983/km²

Grunnlagd
Offisielle språk Tysk
Borgarmeister Michael Häupl (SPÖ)
Nettstad www.wien.gv.at
Flagg Våpen
Flagg Våpen

Wien er hovudstaden i Austerrike og ein av dei ni delstatane i det føderale landet. I mars 2004 hadde byen over 1,6 millionar innbyggjarar.

Wien er sete for mange internasjonale organisasjonar, som OPEC og IAEA, og er dessutan den tredje SN-byen i tillegg til Genève og New York. Byen er eit viktig transportknutepunkt med fire flyplassar, og blir òg vitja av mange turistar. Elva Donau renn gjennom byen.

Historie endre

 
Utsyn over Wien frå kyrkja til den heilage Stefan.
 
Konserthuset i Wien.

Byen oppstod som den romerske festningsleiren Vindobona. I 1278 blei han senteret for Det habsburgske riket, noko som har gjort at byen i dag er større og meir praktfull enn plasseringa i dagens vesle Austerrike skulle tilseia. Heile den indre byen blei utsett for store øydeleggingar under den andre verdskrigen, men står nå på UNESCO si liste over verdas kulturarv.

Den indre kjernen blei bygd i mellomalderen. Fram til midten av 1800-talet omkransa av festningsverk som kom til på fjorten- og femtenhundretalet for å halda fiendar, i første rekkje tyrkarane, ute.

Etter kvart førte dei vernande murane til at byen nesten blei kvelt, ettersom det ikkje fanst naturlege gjennomfartsvegar mellom bykjernen og omlandet. Frå 1809 til 1850 hadde ruinane av festningsverket stått uendra, men i 1857 let keisar Franz Josef dei riva. Ettersom noko av det hadde vore 600 meter tjukt, frigjorde ein eit enormt byggjeområde. Etter ein stor konkurranse blei forslaga til tre prisvinnarar omarbeidde av regjeringa, og Ringstrasse blei til på området. Det inneheld rundt 30 offentlege bygg, 38 statuar, 7 fontenar og 5 parkar.

I 1922 blei Wien utskilt frå Niederösterreich og blei ein sjølvstendig delstat. Den sosialdemokratiske byregjeringa (Raude Wien) blei internasjonalt anerkjent for sitt sosiale pionerarbeid. Det blei etablert eit solid sosialt sikkerheitsnett og det blei bygd mange kommunale arbeidarbustader med høg standard.

Den første republikken var prega av sterke motsetningar mellom den kristeleg-konservative regjeringa og den sosialdemokratiske opposisjonen. Det kulminerte med innføringa av den fascistiske «stenderstaten» i 1934, då hæren blei bruka for å slå ned væpna motstand frå sosialdemokratiet (Oppstanden i Wien i 1934). Under det kristeleg-fascistiske diktaturet blei Wien direkte underlagd regjeringa og den sjølvstendige byforvaltninga nedlagd.

I 1938 lét den austerrikskfødde tyske rikskanslaren Adolf Hitler den tyske hæren marsjere inn i Austerrike og erstatta med det den meir sjølvstendige «austrofascismen» med eit reint nazistisk styre som del av Stor-Tyskland. Dette innebar blant anna forfølging av jødane, og mange «ariske» innbyggjarar i Wien begynte å truge, plage og rane jødar og kaste dei ut frå husa sine. Antisemittismen hadde vorte bruka politisk av høgresida i byen heilt sidan hundreårsskiftet. Av dei knapt 185 000[1] jødiske wienbuarane blei ca. 120 000 tvinga til emigrasjon, ca. 60 000 blei drepne, og berre 5 243 av dei overlevde andre verdskrigen.

Den 17. mars 1944 begynte luftangrepa mot Wien. Under desse blei over ein femdel av byen øydelagd. Stephansdomen, der elles hadde unngått luftangrepa, blei òg ramma av brann, men ikkje som følgje av kamphandlingar men derimot etter ei plyndring. I april 1945 blei Wien erobra av den sovjetiske hæren.

Kjende folk frå Wien endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Wien
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.