Derek Drouin (fødd 6. mars 1990) er ein kanadisk friidrettsutøvar frå Sarnia i Ontario som vart verdsmeister 2015 og olympiameister 2016 i høgdehopp.

Derek Drouin

Statsborgarskap Canada
Fødd 6. mars 1990 (34 år)
Sarnia
Yrke friidrettsutøvar, høydehopper
Høgd 196 centimeter
Derek Drouin på Commons

Aktiv endre

Drouin vart kanadisk meister i høgdehopp i 2010. Han deltok i Sommar-OL 2012, der han var ein av tre bronsevinnarar i høgdetevlinga. I 2013 forbetra han den kanadiske rekorden til 2,36 m i Eugene i delstaten Oregon, og la under friidretts-VM 2013 i Moskva på til 2,38 meter, noko som gav han bronsemedaljen i ei tevling med sjeldan sterke prestasjonar.

Den 25. april 2014 flytta Drouin til 2,40 m i eit stemne i Des Moines i delstaten Iowa. Under VM i friidrett 2015 i Beijing lukkast han sikre seg gullmedaljen i høgdehopp, då etter at dei tre gjenverande utøvararane hadde rive tre gongar på 2,36 m, lukkast Drouin som den einaste å ta seg over 2,34 m i fyrste forsøk. Ved dei olympiske sommarleikane 2016 svinga Drouin seg over 2,38 m og vann ein ny gullmedalje.

Kjelder endre