Ontario
Ontario er den folkerikaste provinsen i Canada og den nest største i utstrekking etter Quebec. Provinshovudstaden Toronto er den største byen i landet. Ontario grensar til Manitoba i vest og Quebec i aust, medan grensa i sør er til USA og delstatane Michigan, New York, Minnesota og Pennsylvania. Det meste av landegrensa er naturleg, danna av innsjøen Lake of the Woods og dei fire store sjøane: Superior, Huron, Erie og Ontario, som har gjeve provinsen namnet sitt, og deretter langs St. Lawrence-elva.
Ontario | |||
provins | |||
|
|||
Motto: Ut Incepit Fidelis Sic Permanet (latin: 'lojalt frå byrjinga, lojalt for alltid') | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Toronto | ||
Areal | 1 076 395 km² | ||
Folketal | 14 223 942 (2021)[1] | ||
Grunnlagd | 1. juli 1867 | ||
Språk | engelsk (de facto) | ||
Tidssone | UTC-5 & -6 | ||
Ontario 50°N 85°W / 50°N 85°W | |||
Kart som viser Ontario.
| |||
Wikimedia Commons: Ontario |