Derwent i Yorkshire
Derwent er ei elv i Yorkshire nord i England.
Derwent | |||
elv | |||
Barmby on the Marsh tidvassbarriere ved munningen til Derwent
| |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Grevskap | Yorkshire | ||
Tilløp | |||
• venstre | River Rye, Yorkshire | ||
• høgre | Pocklington Canal | ||
Nedslagsfelt | 2 057 km² | ||
Lengd | 115,1 km | ||
Kjelde | Fylingdales Moor | ||
- stad | North York Moors, Yorkshire, England | ||
• høgd | 260 moh. | ||
- koordinatar | 54°22′50.10″N 0°37′23.79″W / 54.3805833°N 0.6232750°W | ||
Munning | Barmby Barrage | ||
- stad | Barmby on the Marsh, Yorkshire, England | ||
- koordinatar | 53°44′58″N 0°58′08″W / 53.74944°N 0.96889°W | ||
Derwent i Yorkshire 53°44′58″N 0°58′08″W / 53.7494°N 0.968889°W | |||
Wikimedia Commons: River Derwent, Yorkshire |
Ho spring ut i Fylingdales Moor i North York Moors nasjonalpark og renn sørover til ho tar imot elva Hertford før ho renn vestover gjennom Vale of Pickering, sør gjennom Kirkham Gorge og Vale of York før ho renn saman med Ouse i Barmby on the Marsh. Samløpet er uvanleg fordi Derwent renn saman med Ouse med ein smal vinkel i retning oppover elva.
Nedslagsfeltet til Derwent omfattar 2057 km² og dekkjer Upper Derwent, Rye, Hertford, Bielby Beck og Pocklington-kanalen og sideelvane deira. Busetnader i nedslagsfeltet er mellom andre byane Stamford Bridge, Malton, Pickering, Helmsley, Filey og Scarborough. Området grensar til Cleveland Hills, North York Moors og Hambleton Hills i nord, Yorkshire Wolds og kysten i aust, Vale of York i vest og Ouse og Humber-estauaret i sør. Området kring elva er hovudsakleg landleg. Store område kring elva har bevaringsstatus.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «River Derwent, Yorkshire» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: