Pickering i North Yorkshire
Pickering er ein gammal marknadsby i grevskapet North Yorkshire i England. Han har kring 7000 innbyggjarar og ligg på grensa til North York Moors nasjonalpark. I følgje ei segn vart byen grunnlagd av ein viss kong Peredurus kring 270 f.Kr., men byen som han er i dag vart grunnlagd i mellomalderen.
Pickering | ||
---|---|---|
Pickering marknadsplass | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | North Yorkshire | |
Distrikt | Ryedale | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
6 846 | |
Koordinatar | 54°15′N 0°47′W / 54.250°N 0.783°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | YO18 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1751 | |
Av attraksjonar i byen finn ein Pickering Castle, North Yorkshire Moors-jernbanen og Beck Isle Museum. Nærliggande stader er Malton, Norton og Scarborough.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pickering, North Yorkshire» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juli 2011.