Koordinatar: 61°18′6.7″N 11°27′26.831″E

Deset er ei grend nord i Åmot kommune i Innlandet.

Deset kyrkje

Deset ligg ca. 25 km nordaust for kommunesenteret Rena langs fylkesveg 237. Det ligg ein aldersheim her og ein todelt barneskule - Deset oppvekstsenter, med barnehage i sokkeletasjen. Etter at kommunen la ned drifta av Deset skole, tok Åmot Montessori over drifta i privat regi. Bygda hadde i mange år ein butikk, ein filial av samvirkelaget på Rena. Denne opna tidleg i januar 1936, og stengde dørene i oktober 2005.

Gjennom grenda renn elva Rena som er ei kjend fiskeelv. Deset kyrkje ligg på eit høgdedrag over grenda.

Kjelder endre