Innlandet
øy i Kristiansund
- Denne artikkelen handlar om øya i Kristiansund. For fylkeskommunen, sjå Innlandet fylke.
Innlandet er Kristiansund si minste øy, og ei av dei fire øyane som sentrum av byen ligg på. Dei andre er Kirklandet, Nordlandet og Gomalandet. Tahiti er vorte eit mykje nytta kallenamn på Innlandet av dei lokale innbyggjarane og Tahitifestivalen er eit årvisst arrangement på øya. Den populære badeplassen Skjærva er flittig nytta om sommaren til bading, volleyball, basketball og til å sole seg. Innlandet har òg ein matvarebutikk, ein barneskule og ein restaurant (Dødeladen), elles er mykje av øya nytta til bustader.
Innlandet | |
---|---|
Innlandet sett frå Kirklandet, i bakgrunnen fjellet Freikollen, det høgaste fjellet i Kristiansund. Foto: Harald Oppedal | |
Geografi | |
Stad | Nordmøre |
Koordinatar | 63°06′16″N 07°44′02″E / 63.10444°N 7.73389°E
|
Areal | 0,73 km²
|
Høgaste punkt | Bautaen (64 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Møre og Romsdal
|
Demografi | |
Folketal | 1397 (2024) |
Folketettleik | ca. 1910 /km² |
Folketalsutvikling
1900[1] | 2000[2] | 2024[2] |
---|---|---|
1136 | 1224 | 1397 |
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 1900 for Kristiansund kjøpstad, frå Digitalarkivet
- ↑ 2,0 2,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå