Desna (russisk Десна) er ei elv i Moskva oblast i Russland og ei av sideelvane til Pakhra frå venstre. Elva er 91 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 363 km².

Desna
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 1 363 km²
Lengd 91 km
Munning Pakhra
Kart
Desna ved Pakhra
55°26′00″N 37°30′00″E / 55.43333001°N 37.50000001°E / 55.43333001; 37.50000001
Wikimedia Commons: Desna (tributary of Pakhra)

Desna startar der dei to elvane Butynki og Pakhorki renn saman, nær landsbyen Anastasina. Ho renn så austover og munnar ut i Pakhra nær landsbyen Dubrovitsy, ein tidlegare eigedom til fyrstehuset Golitsyn.

Elva får hovudsakleg vasstilførsel via snøsmelting. Desna frys til i november eller tidleg i desember og vert isfri att i slutten av mars eller april.

Kjelder endre