Despotikó
Despotikó (gresk Δεσποτικό) er ei lita øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya ligg i kommunen Andíparos, som er ein del av periferieininga Páros i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[1]
Den litle øya ligg om lag ein kilometer frå Andíparos. Ho er ikkje busett,[1] men det finst sterke indikasjonar på at ho kan ha vore eit sentrum i Kykladane i antikken. I dag vert det gjort arkeologiske utgravingar på øya og funna så langt har vore viktige. Enkelte lekamar ein har funne her er utstilt i museet i Páros by (Parikía) på øya Páros, i lag med andre viktige funn frå området.
ReferansarEndra
KjeldeEndra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Despotiko frå Engelsk Wikipedia .