Desta Marie Beeder
Desta Marie Beeder (fødd 11. september 1988) er ein norsk vêrmeldar og programleiar.
Desta Marie Beeder | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. september 1988 (36 år) Bergen |
Yrke | vêrmeldar, programleiar |
Beeder har etiopisk far og norsk mor.[1] Ho har bachelorgrad i medievitskap frå Universitetet i Bergen.[1]
Før ho fekk jobben som vêrmeldar, jobba ho eitt år i TV 2, fyrst i kommunikasjonsavdelinga og så i plan- og avviklingsavdelinga.[1] Ho vart den 20. vêrpresentatøren på TV 2 og meldte vêret for fyrste gong den 23. mars 2011.
Beeder gifta seg med Boris Klyve i mai 2016.[2]
30. november 2016 slutta Beeder som vêranker på TV2, og byrja i systerselskapet Vimond. Selskapet har kontor i New York, og utviklar teknologien bak TV 2 Sumo, men Beeder vart buande i Bergen.[3]
Våren 2018 byrja ho som programleiar i God morgen Norge. Sommaren same året var ho medprogramleiar i God sommer Norge.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Ronald Toppe (2. februar 2011). «Desta Marie Beeder skal gi deg været». TV 2. Henta 1. september 2012.
- ↑ Atle Jørstad (3. juni 2016). «Værmelder Desta Marie Beeder giftet seg i hemmelighet». VG. Henta 4. juni 2016.
- ↑ Jørgen Grønner (7. september 2016). «Slutter som værdame». Bergensavisen. Henta 8. september 2016.