Det Ørkedalske Dampskibsselskab

Det Ørkedalske Dampskipselskap er eit reiarlag skipa i desember 1868 med føremålet om ha regelmessig dampskipsamband mellom Orkdal og Trondheim. Dampskipet D/S «Orkla» var ferdigbygd i oktober 1869, og starta straks rutetrafikken. I 1897 vart skipet skifta ut med ein meir tidsriktig båt, DS «Orkdal».

Frå 1907 starta Communikasjonsselskapet ei konkurrerande rute til Trondheim, med ein annan båt som heitte D/S «Orkla». Communikasjonsselskapet pressa etter kvart Det ørkedalske dampskipsselskap ut av marknaden, som vart nedlagd i 1910.

Kjelder endre