Det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel
Det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel er ei av dei femten sjølvstendige ortodokse kyrkjene. Ho er leidd av den økumeniske patriarken, som har status som «den fremste blant likemenn» av biskopane i den ortodokse kyrkja. Han er talsmann for den ortodokse kommunionen. Kyrkja har hovudsete i Istanbul. Sidan 1991 har Bartholomeos I vore økumenisk patriark.
Til det økumeniske patriarkatet høyrer dei ortodokse kyrkjelydane i Tyrkia (unntatt provinsen Hatay) og dessutan dei ortodokse i Vest-Europa, Amerika og Australia. I Hellas høyrer Kreta, Dodekanesa og Berget Atos under patriarkatet i Konstantinopel. Dessutan er delar av Nord-Hellas underlagt det økumeniske patriarkatet, men desse vert etter ei avtale frå 1928 mellombels administrert av Den greske ortodokse kyrkja.
Sjå og Endra
Bakgrunnsstoff Endra
Autokefaliske og autonome ortodokse kyrkjer |
Autokefaliske kyrkjer |
Dei fire gamle patriarkata: Konstantinopel | Alexandria | Antiokia | Jerusalem Dei fem nye patriarkata: Russland | Serbia | Romania | Bulgaria | Georgia Autokefaliske erkebispedømme: Kypros | Hellas | Polen | Albania | Tsjekkia og Slovakia | Amerika* | Ukraina* |
Autonome kyrkjer |
Sinai | Finland | Estland* | Japan* | Kina* |
Merket * tyder at autokefaliet eller autonomiet ikkje er akseptert i heile den ortodokse verda. |