Heilage Nikolai ortodokse kyrkjelyd i Noreg

Heilage Nikolai kyrkjelyd er ein ortodoks kyrkjelyd med adresse i Oslo i Noreg.

Heilage Nikolai kyrkje i Oslo
Foto: Kjetil Ree

Historie endre

Etter oktoberrevolusjonen grunnla ei gruppe russiske emmigrantar ei ortodoks kyrkjelyd i Oslo. Kyrkjelyden vart formelt organisert i 1929. Kyrkjelyden har med åra fått ein meir pan-ortodoks karakter. Dei har gudstenester med liturgikyrkjeslavisk og norsk.

Organisering endre

Kyrkjelyden har heile tida vore underlagt erkebiskopen for russiske kyrkjelydar i Vest-Europa med sentrum i Paris, som igjen er ein del av det økumeniske patriarkat i Konstantinopel.

Kyrkja har eit kloster i Hurdal, Hl. Trifon Skita, det einaste ortodokse klosteret i Noreg.

Kyrkjelyden har gudstenester i

Kyrkjelyden driv òg Johnsegardsakademiet, eit ortodokst, kristent informasjons- og aktivitetssenter i Sogn og Fjordane, drive innanfor ramma av Den ortodokse kyrkja i Noreg.

Bakgrunnsstoff endre