Det Berlingske Officin
Det Berlingske Officin er eit dansk medieselskap som heilt eller delvis eig fleire danske aviser, lokalradiostasjonar og nettstader. Selskapet er eigd av Mecom Group plc, som er børsnotert i London. Tidlegare var selskapet eigd av Orkla Media og før det igjen var selskapet eigd av fleire danske aksjonærar med A.P. Møller og Danske Bank var dei viktigaste.