Orkla Media
Orkla Media var den delen av Orkla-konsernet som av engasjert i drift av medieverksemder, no Edda Media. Selskapet vart ein av tre store medieeigarar i Noreg i 1990-åra og litt ut på 2000-talet. Dei to andre var A-pressen og Schibsted.
Orkla Media eigde mange verksemder innan dagspresse, vekepresse, elektronisk publisering, lokalradio/-fjernsyn og rein marknadsføring i mest heile Norden (Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Polen, Litauen og Ukraina).
Orkla gjorde si første investering i mediemarknaden då Orkla Industrier kjøpte ein aksjepost i Janco Kabel-TV i 1983. Det første aviskjøpet vart gjennomført året etter, då partiet Høgre selde ut sin eigen aksjepost på 40% i avisa Nordstrand Østre Aker Blad (I dag; Nordstrands Blad). Orkla kjøpte aksjeposten for fire millionar kroner.
Orkla Media har tradisjonelt sett kjøpt opp medieverksemder i Austlandsområdet.
Mecom
endre28. juni 2006 vart det gjort kjend at styret i Orkla Media ville selje konsernet til det britiske selskapet Mecom - til sterke protestar frå tillitsvalde i heile konsernet. Dei tilsette frykta at utanlandsk oppkjøp ville føre til kraftige innstrammingar og nedbygging av medieverksemdene i konsernet.
Aviser i Orkla Media-konsernet i 2006
endre- Drammens Tidende
- Driva
- Eiker Avis
- Fjordenes Tidende
- Fjordingen
- Fredriksstad Blad
- Gjengangeren
- Gudbrandsdølen Dagningen
- Hamar Dagblad (gratisavis)
- Haugesunds Avis
- Indre Østfold Avis
- Kanalen
- Kragerø Blad Vestmar
- Lierposten
- Lokalavisen Frogner (gratisavis)
- Lokalavisen St. Hanshaugen (gratisavis)
- Lokalavisen Groruddalen (gratisavis)
- Laagendalsposten
- Moss Avis
- Nordre Aker Budstikke (gratisavis)
- Nordstrands Blad (gratisavis)
- Ringsaker Blad
- Romsdals Budstikke
- Røyken og Hurums Avis
- Sandefjords Blad
- Sande Avis
- SarpsborgAvisa (gratisavis)
- Sunnmøringen
- Sunnmørsposten
- Svelviksposten
- Telen
- Tønsbergs Blad
- Ullern Avis/Akersposten (gratisavis)
- Varden
- Vikebladet Vestposten
- Østkantavisa (gratisavis)
- Østlandets Blad
- Østlendingen
- Åndalsnes Avis
Aviser Orkla Media har eigardelar i
endre- Budstikka (31,5 %)
Bakgrunnsstoff
endre- - Selger ikke ut. N24.no, 11. mai 2005
- Orkla Media selges til Mecom Arkivert 2016-01-21 ved Wayback Machine.. Dagbladet.no, 28. juni 2006