Académie française
(Omdirigert frå Det Franske Akademi)
Académie française eller Det franske akademiet er Frankrike sitt øvste organ når det gjeld det franske språket, og er eitt av fem akademi som saman utgjer Institut de France. Akademiet vart oppretta av kardinal Richelieu i 1635. Akademiet vart nedlagd under den franske revolusjonen, men Napoléon Bonaparte opna det att i 1803.
Akademiet har 40 medlemar (Les immortels), som vert utpeikte på livstid. Akademiet si oppgåva er å normera det franske språket ved å redigera den offisielle ordboka, som kom ut første gong i 1694.