Det Kongelige Akademi for de Skønne Kunster

Det Kongelige Akademi for de Skønne Kunster, før 1991 Akademiet for de Skønne Kunster, er ein del av Kunstakademiet i Danmark. Det verker for å fremja kunst og som statleg rådgjevar i kunstnariske spørsmål innan arkitektur, biletkunst og tilgrensande kunstartar. Akademiet blei skipa i 1968, då det blei skild ut frå Kunstakademiet.

Kunstnersamfundet i Danmark har i oppgåve å stilla og velja kandidatar til akademiet. Akademiet har 60 medlemmer som bli valde for 6 år av gongen av medlemmer frå Kunstnersamfundet.

Akademiraadet leier akademiet. Det blir peikt ut av medlemmer av akademiets medlemmer og har 12 medlemmer fordelte mellom målarar, bilethoggarar og arkitektar. Akademiraadet held til ved Kongens Nytorv i København.[1]

Akademiet gjev økonomisk støtte til danske kunstnarar gjennom utdeling av fleire legat og medaljar.

Medaljar

endre

Kjelder

endre
  1. «Akademiraadet | Kontakt», www.akademiraadet.dk, henta 26. november 2018 

Bakgrunnsstoff

endre