Opna hovudmenyen
Det Kongelege Biblioteks Den Sorte Diamant teikna av arkitektfirmaet schmidt hammer lassen architects.
Gangbroer mellom det nye og det gamle biblioteket.

Det Kongelege Bibliotek utgjer saman med Statsbiblioteket i Århus Danmarks nasjonalbibliotek. Etter ei samanslåing av Københavns Universitetsbibliotek og Det Kongelege Bibliotek til éin institusjon i 2005 er det offisielle namnet Det Kongelege Bibliotek, Nationalbibliotek og Københavns Universitetsbibliotek.

Biblioteket har røter tilbake til Det Kongelege Bibliotek som vart grunnlagt av Frederik III i 1661–1663 og Universitetsbiblioteket som vart grunnlagt i 1482.[1]

Samlinga utgjer per 2011 6 100 000 bøker og tidsskrift, 18 300 000 trykk og fotografi, 7 400 000 pamflettar, brosjyrar osb. og 1 200 000 anna materiale, totalt 33 000 000.[2]

Biblioteket har hovudsete på Slotsholmen i København der Den Sorte Diamant utgjer fasaden til biblioteket mot vatnet.

ReferansarEndra