Det Kristne Samlingsparti

Det Kristne Samlingsparti var eit norsk politisk parti som stilte til val ved stortingsvalet 1993. Partiet stilte liste berre i Vest-Agder. Der fekk det 210 røyster, eller 0,3 % av røystene i Vest-Agder, og vart dermed større enn Kristent Konservativt Parti som fekk 158 røyster i Vest-Agder same året. Partiet vart likevel ikkje representert på Stortinget og har ikkje stilt til val igjen. Partiet er ikkje identisk med dagens Kristent Samlingsparti, som ikkje oppstod før 1998.

Det Kristne Samlingsparti
LandNoreg
Grunnlagt1993
Nedlagt1994
Fusjonert medSamlingspartiet Ny Fremtid
Ideologikristne høgre Sjå dette på Wikidata