Samlingspartiet Ny Fremtid

Samlingspartiet Ny Fremtid er eit tidlegare norsk politisk parti som vart stifta av Finn Thoresen i 1993. Partiet stilte lister i alle fylker ved Stortingsvalet dette året. I 1994 vart det samanslått med det tidlegare Kristent Samlingsparti, men heldt på namnet Samlingspartiet Ny Fremtid. Då det igjen vart samanslått med Kristent Konservativt Parti den 26. september 1998 fekk fusjonen namnet Kristent Samlingsparti, som er det noverande namnet på partiet (pr. 2005).

Samlingspartiet Ny Fremtid
LandNoreg
Partileiar(ar)Ivar Kristianslund
Grunnlagt1993
Nedlagt26. september 1998
Etterfølgd avKristent Samlingsparti
Ideologikristne høgre Sjå dette på Wikidata

Politisk tok Samlingspartiet Ny Fremtid eit høgreorientert kristenfundamentalistisk standpunkt. Partiet ville gje kristendommen ein sterkare plass i samfunnslivet, og mellom anna forby abort og homofili.

Kjelder endre