Moderate Venstre

(Omdirigert frå Det Moderate Venstre)

Moderate Venstre var tidlegare namn på eit politisk parti i Noreg. Partiet vart grunnlagd i 1888 av den lågyrkjelege delen av Venstre, og vart det tredje partiet som vart representert på Stortinget. Særleg viktige spørsmål for partiet var fråhaldssak, religion og moral. Partiet målbar i mange spørsmål liknande syn som det seinare Kristeleg Folkeparti. Då partiet sin «sterke mann» Lars Oftedal i 1891 gjekk inn for samarbeid med Høgre gjekk delar av partiet attende til Venstre. Partiet vart i stor grad eit grunneigarparti. I motsetnad til Høgre gjekk Moderate Venstre inn for mest mogleg norsk sjølvstyre i høve til unionspartnaren Sverige. Då Høgre snudde i unionssaka og Samlingspartiet vart grunnlagt vart Moderate Venstre ein del av dette. I 1906 gjekk Moderate Venstre inn i Høgre.