Norske Selskab

studentforening i Kjøbenhavn
(Omdirigert frå Det Norske Selskab)

Norske Selskab var ein litterær selskapsklubb for norske studentar i København. Norske Selskab vart stifta i april 1772 av Ove Gjerløw Meyer, og var frå 1774 eit litterært selskap. Klubbens møtestad var i madam Juels Kaffehus i Læderstræde. Diktarar, andre forfattarar og filosofar i krinsen rundt diktaren Johan Herman Wessel var mellom medlemene.

Eilif Peterssen: «En aften i Det norske Selskab», historiemåleri frå 1892. Servitrisa Karen Bach er til venstre med samovar. Claus Fasting står foran i grøn silkedress. Madam Juel står i sentrum bak han. Johan Herman Wessel sit ved bordet med heva glas ved sida av Søren Monrad som les høgt frå ”det bekjente gravskriftet” over Ove Gjerløw Meyer, og i rød frakk til høgre for Monrad sit Niels Krog Bredal. Knud Lyne Rahbek lene seg fram mellom Wessel og Monrad i rosa frakk; bak ha ser ein baron Fredrik Christian Otto Wedel Jarlsberg. Bak Monrad i døråpninga ser ein Johan Nordahl Brun i profil. Lent over stolen til høgre står selskabets sekretær Johan Vibe, og heilt til høgre med heva beger står klubbens første formann Ove Gjerløw Meyer. De tre som står saman i bakgrunnen er brødrene Jakob Edvard Colbjørnsen, Christian Colbjørnsen og Edvard Røring Colbjørnsen.[1]

Aktivitet endre

Det var ein herreklubb med livlege møte med talar, song og diskusjonar, diktresitasjonar, improvisasjonar og relativt jamne inntak av punsj. Klubben var på det mest aktive oppe i over 100 medlem.

Selskapet sette opp premiar for litterære verk, gav ut Poetiske Samlingar og arbeidde for å styrke norsk litteratur. Selskapets ideal var det klassisistiske med vekt på rein stil og klar form. Medlemene var Holberg-dyrkarar og heldt opp den romerske diktaren Horats som eit symbol på de uforgjengelege klassiske verdiane i motsetnad til romantikkens flyktige kjensler. Selskapets valspråk var Vos exemplaria graeca (gjer grekarane til førebilete).

Medlemene av Norske Selskab var også del i den veksande norsk-patriotiske rørsla som gjorde seg gjeldande dei siste tiåra av 1700-talet. Fleire av diktarane forfatta patriotiske dikt og skodespel. Diktarane stod i klassisistisk tradisjon, og deira hylling av norske bønder kan knytast til den franske hyrdediktinga tidlegare i det 18. hundreåret.

Klubben vart oppløyst i 1813 etter at kampen om eit eige norsk universitet var vunnen.

i 1818 blei det stifta ein selskapsklubb i Christiania som tok opp namnet Det Norske Selskab. Den reisa i 1885 eit monument over Wessel på Wesselsplass, og trykte opp igjen Poetiske samlingar i 1922 og gav ut i 1935 Norske Selskabs versprotokoll på grunnlag av dei bevarte avskriftene.

Sentrale medlemer i Norske Selskab endre

Kjelder endre

  1. En aften i Norske Selskab frå Norske Selskab